Informasjon til alle tilsette - Koronasituasjonen pr. 2.2.21
Vi tonar noko ned oppfordringane som blei sendt ut 25.1.21.
- Vi rår framleis frå å reise til kommunar i Oslo-regionen. Dette gjeld følgjande kommunar: Nordre Follo, Oslo, Ås, Nesodden, Frogn, Vestby, Indre Østfold, Enebakk, Moss og Våler.
- Tilsette som har bijobb i dei ti kommunane må avklare dette med nærmaste leiar.
- Viss tilsette har vore i Nordre Follo etter 14. januar, skal dei gå i karantene.
- Viss tilsette har vore nærkontakt med nokon som bur i Nordre Follo etter 14.1, skal dei gå i karantene.
- Tilsette som har vore i nokre av nabokommunane (sjå fyrste kulepunkt) etter 14. januar skal ta kontakt med nærmaste leiar som skal vurdere karantene. Dersom det blir vurdert som nødvendig at den tilsette kjem på jobb, skal vedkommande vere påpasseleg med å halde avstand og bruke munnbind.
- Vi skal fortsatt passe på å halde avstand og avgrense møteverksemd. Dette gjeld også i pausar. Alle møter som praktisk kan gjennomførast på digitale plattformar bør gjerast om frå fysiske møte til digitale møte.
- Vi oppmodar fortsatt til bruk av heimekontor der det er mogleg og for dei tilsette som kan gjennomføre arbeidet på tilfredstillande måte frå heimen.
- Vi rår alle til å bruke munnbind dersom det ikkje er mogleg å halde minimum 1 meter avstand. Tilsette i skule og barnehage følgjer nasjonale retningsliner.
Sidan prøvene frå Nordre Follo med det muterte viruset er tekne for om lag to veker sidan, er det stor risiko for at smitten kan ha spreidd seg. Situasjonen kan difor endre seg raskt, og det er viktig at alle held seg oppdatert. Nasjonale mynde kjem dagleg med ny informasjon, nye tiltak og påbod. Beredskapsleiinga i Seljord fylgjer situasjonen tett.