Dette blir eit møte om moglegheiter, rettar og plikter rundt pensjon, og vil vere særleg relevant for tilsette i alderen 55+.

Det vil fyrst bli 1 - 1,5 times fellesinformasjon og deretter moglegheit til individuell rettleiing.
Vi set opp liste med namn og tider for 20 - 30 minuttars samtale med ein rådgjevar frå KLP. Dei som alt mottar ei yting frå KLP må ta med seg ei serviceberekning frå NAV, dei som ikkje mottar noko frå KLP i dag, treng ikkje det.

Meld dykk på for rettleiing og send inn avdelingsvis til mailadressa: post@seljord.kommune.no innan 4.mars. Hugs å seie frå dersom du alt mottar ei gradert yting, slik at du kjem til rett rådgjevar.
Om du har særskilde ynskje for tidspunkt, er det fint om du seier frå om det, så skal vi prøve å ta omsyn til dette.

Vel møtt!

 

Med venleg helsing

Ingeborg Nenseter Jensen
Organisasjons- og personalsjef
Seljord kommune
Tlf. 350 65 130