Vi gler oss til å samla alle tilsette til ein kveld der vi skal gløyme korona og tøffe budsjettprosessar, og berre kose oss i lag med gode kollegaer.  

I år har vi valt å slå litt på stortromma. Det har vore ei spesiell tid, og vi har lyst til å gjere litt ekstra stas på dykk alle for slik å vise kor mykje vi set pris på det fantastiske arbeidet de har gjort og gjer for Seljord kommune og innbyggjarane våre. Difor har vi booka inn bandet «Ni liv» til oss denne kvelden. Det blir konsert og moglegheit for dans for dei som vil det.

Det vil òg bli talar og anna underhaldning.

Sei ifrå dersom du eller eininga di har noko å bidra med denne kvelden, det er veldig hyggeleg om fleire bidreg med underhaldning. 

Arrangementet startar klokka 19.00 og finn stad i Gamlesalen på Granvin. 

Det blir servert julemat og dessert. Drikke av ymse slag blir å få kjøpt i baren.

Eigendel er på kroner 200,- per person

Påmelding kan gjerast per eining/avdeling til Merète på sentralbordet - merete.trangsrud@seljord.kommune.no innan 17. november.

Velkomen!

Vi gler oss skikkeleg til denne kvelden 
 

Varm helsing frå Rikke og resten av leiargruppa