Marika Alva Bjørge er tilsett som ny kommunepsykolog. Ho starta i jobben 15. august, og er i full gang med å gjere seg kjent med tenesteområdet.
Marika er oppvaksen i Drammen, og har slekt i Seljord. Ho har difor feriera mykje på hytta familien har i Seljord.
Ho er nyleg ferdig med kompletterande tiltak for å få autorisasjon som psykolog då ho er utdanna i Budapest. Ho har varierande arbeidserfaring blant anna frå fengsel og BUP.
Seljord kommune er glade for å ha deg med på laget og ynskjer deg hjarteleg velkommen!
Henrik Eriksen er eit kjent ansikt for dei fleste, men han har vore ute i permisjon i seks månaders praksis knytt til spesialisutdanning i samfunns-og allmennpsykologi.
Han er no tilbake for fullt, og dermed har vi eit komplett kommunespykolog-team på plass. Kommunepsykologtenesta er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Tokke, Nissedal, Fyresdal, Kviteseid og Seljord, der Seljord er vertskommune.
Det er godt å ha båe psykologstillingane på plass.