Fornying og revidering av kvalitetssystemet

Mål:
Ajourføre og oppdatere system for kvalitetssikring og internkontroll etter gjeldande behov, lover og forskrifter.

Gjennomføring:
Kvalitetsutvalet i Pleie- og omsorgssektoren har det formelle ansvaret for fornyiing og revidering av kvalitetssystemet

  • Den einskilde tilsette har ansvar for å melde frå dersom han/ho meiner det manglar rutiner på eit område, og/eller om eksisterande rutiner bør bli revidert
  • Avdelingsleiar tek opp dette i kvalitetsutvalet
  • Kvalitetsutvalet har ansvar for å lage nye rutiner, og/eller revidere dei gamle
  • Ved revisjon av rutiner går Kvalitetsutvalet gjennom den eksisterande rutina, og rettar opp aktuelle punkt
  • Leiar for kvalitetsutvalet melder frå til ansvarleg for kommunens intranett, som fører endringane inn i systemet

Klage frå brukar

Mål:
Ivareta brukaren sine rettar

Gjennomføring:

  • Klage sendast inn frå brukar, evt. pårørande, i samarbeid med leiar for verksemda, evt. anna personale
  • Klage frå brukar blir handsama av den eller dei som har fatta vedtaket

Generelt:

  • Statens helsetilsyn og fylkeslegane har det overordna faglege tilsynet med helsetenesta i landet
  • Dei har ikkje kompetanse til å gjere om undersøkingar og behandling. På bakgrunn av dei klagene som kjem inn, kan dei oppmode institusjonen/ helsepersonellet om retting, gi råd og rettleiing, eller gi direkte pålegg om retting
  • Denne funksjonen inneber ei styrking av rettsvernet til pasienten
  • Pasienten har likevel ikkje ein lovbestemt rett til å få handsama klagen sin. Men i ei rekke helserettslege særlover er det etablert eigne moglegheiter for klage.

Klage på enkeltavgjerd om rett til nødvendig helsehjelp, jmf kommunehelsetenestelova: 

  • Klaga blir sendt til kommunalsjef, leiar i tiltaksteam
  • Tiltaksteamet vurderer saka på nytt. Klage på heimesjukepleie vil bli vurdert av leiar for verksemda
  • Om ikkje tiltaket blir endra, blir saka oversendt fylkeslegen
  • Klagefrist: 4 veker.

Klage på enkeltavgjerd etter særlovgivnad, jmf. Lov om sosiale tenester

  • Klaga skal sendast til kommunalsjef
  • Tiltaksteamet vurderer saka på nytt. Klage på heimehjelp blir vurdera av leiar for verksemda
  • Om ikkje tiltaket blir endra, blir saka oversendt fylkesmannen
  • Klagefrist: Normalt 3 veker

Kva ei klage må innehalde:

  • Søknaden/henvendinga
  • Saksframlegget med opplysningar som er innhenta, kartleggingsskjema, evt. erklæring frå lege/fysioterapeut og liknande, samt alle andre dokument som er lagt til grunn for vedtaket
  • Vedtaket
  • Klaga
  • Eventuell utsegn til klaga frå kommunen
  • Alle dokument må merkast med nummer og leggast i nummerorden

Melding om avvik til eksterne instansar

Melding om avvik blir registrert og sendt til eksterne samarbeidspartar via fagsystemet, Profil

Gjeld avvik frå samarbeidsavtaler med Sykehuset TelemarkGjeld avvik frå samarbeidsavtaler med Sykehuset Telemark

Rutinar for kvalitetsutvalet

Mål:
Sikre jamnleg og systematisert vedlikehald av kvalitetssikringa og internkontrollen. Kvalitetsutvalet har ansvaret for interne rutinar ved handtering av avvik

Gjennomføring:
Kvalitetsutval for pleie- og omsorgstenester:

  • Kvalitetsutvalet er det overordna organet for kvalitetssikring av pleie- og omsorgstenester
  • Kommunalsjef er leiar av kvalitetsutvalet
  • Faste medlemmer i Kvalitetsutvalet: avdelingsleiarane i heimetenestene og ved Nesbukti pleie- og omsorgssenter, leiar for Tenestekontoret 
  • Viss det blir meldt om avvik frå andre avdelingar, møter avdelingsleiar derfrå

Kvalitetsutvalet skal:

  • Handsame innkomne meldingar om interne avvik (Gjeld ikkje HMS-avvik)
  • Ajourføre og evaluere systemet for kvalitetssikring/internkontroll ved behov
  • Møte annakvar månad og ved behov