Målet med stillinga som frivilligkoordinator er å redusere einsemd blant eldre frå 65 år i Seljord kommune. Dette kan gjerast gjennom bruk av frivillige som kan vere besøksvenn, delta i aktivitetar som t.d. å lage musikk saman med eldre, sykling, grilling, babysang, lese høgt.
Ein ynskjer å starte opp med mange forskjellige aktivitetar som kan nå ulike menneske.
I stillinga som frivilligkoordinator skal Kelly m.a. rekruttere frivillige, matche frivillige med eldre og starte opp aktivitetar for eldre.

Har du ein idé til aktivitetar eller til folk ein kan ta kontakt med, så ta kontakt med Kelly.

Viss du gjennom stillinga di er i kontakt med eldre i aktuell målgruppe, så er det fint om du spreier informasjon om tilbodet.

Du kan lese meir om tilbodet på heimesida vår.