Ny rådmann i Seljord
Rikke Raknes er tilsett som ny rådmann i Seljord kommune.
Rikke Raknes er telemarking, og er fødd og oppvaksen i Skien. Raknes har dei siste åra budd i Alta der ho har vore kommunalleiar for oppvekst og kultur. Ho har lang erfaring i å jobbe med og i offentleg sektor. Av formell utdanning har Raknes to mastergradar; ein i ledelse frå BI og ein i politivitenskap frå Politihøgskulen.
Ho er no på jakt etter bolig i Seljord, og flyttar sørover i løpet av våren.
Rikke Raknes vil starte opp i stillinga seinast 1.juni.
Vi ynskjer ho velkomen til Seljord!