Det skjer ein del på personellfronten i samfunnsutvikling og drift om dagen. Nokon er henta internt, andre har kome attende, mens nokon er heilt nye.

Line Dahl Haugholmen

Line sit å jobbar med husbankrelaterte arbeidsuppgåver. Ho er og ein del av bustadteamet og skal vere ein bidragsytar til at me får litt betre kontroll på bustadsituasjonen i kommunen. Line har alt gjort ein god jobb med å rydde opp i gamle saker for å koma seg ajour, og me ser positivt på fortsettelsen.

Vidar Person

Vidar kom tilbake etter eitt års permisjon og vil jobbe primært med bygg. Dei første månadane vil han jobbe med å kartlegge alle kommunale bygg og uteområdet mht universell utforming. Dette arbeidet er viktig for vidare vedlikehald og drift av dei kommunale bygga me har. Me er veldig godt fornøgde med at Vidar nå er tilbake og håper at dette gjer at me kan få enda betre kontroll på alt me har av bygningsmasse.

Simen Solvang

Simen tiltrrådde i rolla som digitaliseringsansvarleg 08.05.23. Han er organisatorisk underlagt samfunnsutvikling og drift, men skal jobbe for heile kommunen. Simen vil starte med å gå igjennom program og lisensar for å rydde opp. Det kan nok vere han kjem innom kontoret ditt! Dette er ei spannande og viktig stilling i tida som kjem og me trur Simen blir eit godt tilskudd til kollegialet her.

Me ynskjer alle hjartleg velkomne til Seljord kommune!