Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Seljord Kommune Intranett

Nytt designprogram for Seljord kommune

Seljord kommunevåpen

Seljord kommune har ein heilskapleg visuell identitet. Det betyr at vi skal framstå med ein felles visuell identitet i alle våre digitale og trykte flater.
Kommunen har vedteke ein ny designprofil. Det overordna målet med den nye grafiske profilen til Seljord kommune er å effektivisere utvikling av ekstern og intern kommunikasjon, og å sørge for at kommunikasjonen framstår heilskapleg. Profilens visuelle identitet skal vere unik, tydeleg og gjenkjennbar slik at det er enkelt å oppfatte at Seljord kommune er avsendar.
Den visuelle profilen til Seljord kommune skal i fyrste omgang byggje på kommunevåpenet, designelement, fargar og skriftsnitt/typografi.
Profilen skal spegle kommunens visjon: Det gode vertskap
Vi har laga ei eiga side om Designprogrammet. I designmanualen finn du alle logoane  til nedlasting. 

Publisert