Kommunen har innført Compilo, eit nytt system for internkontroll, avviksmeldingar o.l. Det vil etter kvart overta ein del av den informasjonen og systema vi hadde på tidlegare intranett. Compilo finn du på innloggingssida til Citrix. Det kjem meir informasjon om dette.
Nytt intranett
I dag opnar vi det nye intranettet vårt. I samband med nye heimesider måtte vi og lage eit nytt intranett. Vi vil bruke intranettet på same måte som før, meldingar, nyheiter, interne stillingar og nyttig informasjon om HMS og personaltema.
Vi er enno ikkje ferdige med intranettet, så ta kontakt viss du saknar noko.