Personvern i Seljord kommune
Regelverket skal sikre og styrke folks kontroll over eigne personopplysningar. Ein kan krevje å få utlevert personopplysningar om deg, og å vite korleis og til kva personopplysningar blir brukt.
Alle kommunane skal ha eit Personvernombod. Personvernombodet skal informere og gi råd, kontrollere at verksemda overheld personvernregelverket, gi råd om vurdering av personvernkonsekvensar, samarbeide med Datatilsynet, og vere ein kontaktperson. Personvernombod i Seljord kommune er Bente Widenoja Sudbø.
Det er Datatilsynet som har tilsynsansvar, og som vil vere klageinstans.
Datatilsynet har laga eigne informasjonssider der du finn informasjon om reglane og ordninga. Du finn lenke til Datatilsynet nedst på sida.