Lokale rutiner

Vi har her samla informasjon om rutinane for å samle inn politiattest. i tillegg er det viktig at alle avdelingar som er berørt av lovkravet, må føre eigne sjekklistar for å sikre at alle leverer politiattest etter lova.

Rutine i Seljord kommune:

  • Det skal stå i utlysninga at det er krav om å levere politiattest
  • Alle tilsette får tilsettingsbrev der det det står referert til lovverket og kva for arbeidsområde som stiller krav om politiattest.
  • Personalavdelinga har ansvar for å be om og registrere politiattest ved alle tilsetjingar
  • Personalavdelinga har ansvar for å hente inn og registrere politiattest frå vaktmeistrane som er innom avdelingane
  • Personalavdelinga fører ein oversikt over alle tilsette med politiattest, arbeidsplass og dato for utsteding. Oversikta ligg i ePhorte
  • Avdelingsleiarane har sjølv ansvar for å be om politiattest til vikarar og medarbeidarar som er innom med ujamne mellomrom
  • Personalavdelinga purrar på nytilsette dersom politiattesten ikkje kjem inn til registrering innan rimeleg tid
  • Den tilsette bør levere politiattesten via næraste leiar, slik at den blir registeret der fyrst.  

Sjå aktuelle lenker nedanfor