Arbeidet med å bli trafikksikker kommune er no i sluttfasen, og ein har som mål å bli godkjent i starten av oktober 2020.
Kva inneber det å vera trafikksikker kommune?
- Å oppnå godkjenning betyr ikkje fråvær av trafikkulykker, det betyr heller ikkje at alt av veg, fortau og g/s-veg skal bli av topp kvalitet over natta, men at kommunen arbeider målbevist og heile tida med trafikksikkerhet.
- Trafikksikker kommune som omgrep skal vera eit kvalitetstempel for dei kommunane som arbeider langsiktig og systematisk med trafikksikkerhet.
- Sjølv om ein får godkjenning som trafikksikker kommune, så kan ein ikkje sleppe skuldrane ned angåande tryggleiken. Dette er noko kvar og ein må tenke på kvar dag. På den måten vil me betre oss og stadig bli ein meir trafikksikker kommune å bu og jobbe i
Kva inneber dette for tilsette i kommunen?
- Tilsette i Seljord kommune må overhalde til trafikkreglane og vere gode rollemodellar i trafikken.
- Tilsette må bruke refleks i mørkret
- Tilsette skal rygge inn når ein parkerer på offentleg parkeringsplass
- Det fins ein rekkje andre trafikksikringstiltak som ein kan lese meir om i trafikktryggleiksplanen. Den blir lagt fram når den er endeleg godkjent i kommunestyret i desember 2020.