Skademelding for barn og unge
Etter lova om yrkesskade er ikkje barn i barnehage/førskule dekt av yrkesskadeforsikring. Då skal det heller ikkje meldast til NAV. Det er berre elevskader og personalskader som skal meldast NAV. Jfr https://www.nav.no/yrkesskade
For personalet (og lærlingar/studentar) gjeld det at dette skal meldast inn på skjema NAV 13-07.05 (eller digitalt når den løysingar er ferdig) https://www.nav.no/soknader/nb/person/helse/yrkesskade så snart som mogleg.
For lærlingar/studentar gjeld det at dette skal meldast inn på skjema NAV 13-10.01 (eller digitalt når den løysingar er ferdig) https://www.nav.no/soknader/nb/person/helse/yrkesskade så snart som mogleg.
Skader på barn og elevar er ei forsikringssak. Der er rutinen slik:
Småskadeskjema skal sendast årleg til skade@protectorforsikring.no. Dersom det er større skader, t.d. med behandlingsutgifter) skal dei meldast inn via Protector forsikring
Protector forsikring:
"Når det gjelder innmeldingsfrist til oss, så minner jeg om vilkårene til kollektiv ulykke P962 pkt. 6.9 første avsnitt: «Ved skade eller sykdom som kan medføre utbetaling fra forsikringen, skal Selskapet underrettes straks. Protector er fri for ansvar hvis forsikringstaker eller sikrede ikke har meddelt kravet til Selskapet senest innen ett år etter at sikrede fikk kunnskap om de forhold som begrunner det, jf. fal. 18-5."
Skjemaet ligg på fellesområdet L:\Forsikring - registrering småskade.
Der kan de lage ei liste for kvar eining og så lagar kommunalsjef ei samleliste for alle einingane på slutten av året. Større skader og skader med behandlingsutgifter må meldast med ein gong via lenke.
Viktig å gje foreldre dokumentasjon på skade, tidspunkt og stad slik vi gjer. Dei kan få bruk for det seinare.
Waco Forsikringsmeglar er den nye nye forsikringsmeklaren vår. (Tidlegare Pareto Forsikringsmeglar)
Kontaktperson i Waco (pr. 1.10.22):
Elin Bukkholm Wiig
Waco Forsikringsmegling AS
Meierigata 17,
4340 BRYNE
Telefon: 51 77 95 80
Mobil: 958 82 407
eline@waco.no
www.waco.no