Hjelpemiddel

Tips: Last ned ein app på mobilen din, Språkrådet og Universitetet i Bergen har laga ein ordlisteapp som er veldig enkel i bruk. Søk i Appstore e.l. etter Ordbøkene. (bokmål og nynorsk)

Nynorskprisen 2010

Seljord kommune fekk nynorskprisen i2010. I grunngjevinga for prisen stod fylgjande:

”Gjennom språket blir vi forma som menneske. Difor er det svært hyggjeleg for juryen å utnemne Seljord kommune til årets nynorskkommune, ein liten kommune som er i tet nasjonalt når det gjeld språkarbeid med og for dei små.
Arbeidet med å gjere barnehageungar til kulturberarar for lokal kultur og språk og å auke medvitet deira om språklege skilnader gjer Seljord kommune til ikkje berre eit føredøme for nynorskkommunar, men eit døme på framifrå språkpedagogisk tenking.”
"Seljord kommune har laga ein plan og eit lokalt verktøy for språkstimulering i barnehagane. Dei har og laga ein plan for lese- og skriveopplæring i grunnskulen.
Juryen har også lagt vekt på at kommunen ligg i eit tradisjonelt nynorskfylke, men der nynorsken mange stader likevel er under press.
Seljord skårar høgt både når det gjeld kommunale planar, nynorsk i kulturarbeid og tidleg nynorskinnsats blant barn".