Elektrisk seng
Mål:
Sikre forsvarleg bruk
Sikre at sengene blir vedlikehalde for lengst mogleg levetid.
Gjennomføring:
Vedlikehald og ettersyn:
Ansvarleg - Personalet i avdelinga:
Dagleg bruk av den elektriske senga:
- Gjer deg kjent med senga sine elektriske funksjonar (tom seng)
- Sett alltid frå deg senga i lågaste nivå (om ikkje anna er gjeve beskjed om)
- Hugs å sette på brems
- Ved jamnleg reingjering, bruk ein fuktig klut.
Ansvarleg - Vaktmeister:
Service og teknisk vedlikehald må berre gjennomførast av faglærte personar:
- Ved normal dagleg bruk, skal service utførast jmf. serviceplan etter 2 års bruk, og deretter anna kvart år
- Det blir tilrådd å ta ein sikkerhetstest ein gong i året for kontroll av arbeidsevne og mekaniske tilstand på motor
- Etter 4 års bruk skiftast/smørjast rullar ved kile (sjå merknad)
Merknader:
Sjå eigen perm merka "Elektromedisinsk utstyr":
- Vedlikehald og service av elektriske senger
- Vedlikehald av takmontera og mobile personlyftarar
Human Care taklyftar
Mål:
Sikre forsvarleg bruk av personlyftar montert i tak.
Gjennomføring:
Ansvarleg:
Personalet i avdelinga:
Kontroll dagleg:
- Kontroller lyfteselen før bruk:
- lause saumar eller anna slitasje (lyftestroppar, band eller tøy)
- bytt i så fall lyfteselen
- kontroller at det ikkje er synlege skadar på lyftekassetten
- lyftekassett bør ladast kvar natt
- ved transport av brukar, skal straumbrytar stå på AV - Kontroll og reingjering fyrste veka i kvar månad:
- kontroller lyftebandet slik at ingen skade eller slitasje er oppstått
- trekk lyftebanda så langt ut at heile lengda kan inspiserast og kontrollerast, og at fjøra ikkje trekker tilbake lyftebandet
- tørk av lyftekassetten med ein fuktig klut (bruk aldri vatn direkte på lyftekassetten)
Ansvarleg:
Vaktmeister:
Kontroll ein gong pr år:
- utfører anbefalt årleg kontroll
- blir kontakta ved eventuelle feil/manglar
Merknader:
Sjå perm på vaktrom, somatisk avd. merka "Elektromedisinsk utstyr":
- Vedlikehald og service av takmontera og mobile personlyftarar
- Vedlikehald og service av elektriske senger
- Arjo- produkt er i eigen merka perm.
Mobil personlyftar
Mål:
Sikre at bruken av mobil personlyftar er til mest mogleg tryggleik for brukar og personalet
Sikre at personlyftarar blir vedlikehalde for lengst mogleg levetid.
Gjennomføring:
Mobile personlyftarar på NPOS:
- Molift
- Sara (Arjo)
- Encore
- Personlyftar m/segl
- Elektrisk badeheis m/sklimatte (Arjo)
- Elektrisk dusjstol (Arjo)
Personalet som kan bruke personlyftarane, lærer opp dei andre.
Bruk av mobil personlyftar:
Dagleg:
- sjå til at alle segl er festa på rett måte for å unngå ulukker på brukar og personale
- sjekk at segl er fri for riftar/skadar
Lading:
- Skift batteri når varsellampe lyser, og sett utlada batteri til lading
- Batteri ladast opp i minimum 8 timar, og er fullada etter 14 timar (om batteriet er tomt). Det er ikkje fare for overlading av batteri.
- All reparasjon av batteriladar skal utførast av autorisert Arjo-personell.
Reingjering/vedlikehald:
Kvar anna veke:
- generell reingjering; bruk ein fuktig klut og tørk av flekkar og støv spesielt på fotkvilar og handtak
- sjå vekeplan/dagbok på somatisk avdeling
Fyrste veka i kvar månad:
- sjekk at hjul rullar og svingar fritt, fjern evt. hår og lo som hindrar dette
- kontroller personlyftar i høve til reinhald
Viss ikkje lyftarane fungerar som dei skal, ta kontakt med vaktmeister.
Oksygen og oksygenkolbar
Mål:
Sikre forsvarleg bruk av eksplosive varer. Førebygge uhell. HMS
Gjennomføring:
Ein av sjukepleiarane skal vera ansvarleg for:
- At det til ein kvar tid er 4 oksygenkolbar til disposisjon ved NPOS
- Ein av kolbane skal alltid vera klar til bruk, dvs: tilkobla nesebrille, evt maske og med vatn i kammeret opp til merket
- Etter at kolba har vore i bruk:
- tørk over med ein fuktig klut
- reduksjonsventilen spritast i tillegg
- vatnkammeret vaskast i dekontaminatoren - Når trykkmålar nærmar seg 0, ta kontakt med vaktmeister for utbytting/påfylling. Kolbane bør aldri bli heilt tomme
- Skift ut vatnet i kammeret og sjekk kolbane 1 gong pr veke
- Når oksygenkolbane oppbevarast på pasientrom, skal døra merkast med skilt merka "Gass under trykk"
- All bruk av eld er strengt forbode og personalet har ansvar for å informere brukar og pårørande om dette.
Generell informasjon om oppbevaring av oksygenkolbar:
- Lagerplass for oksygenkolbar skal merkast "Gass under trykk"
- Oksygenkolbane skal vernast mot støyt og uvøren behandling
- Dei skal alltid stå støtt for å hindre at opninga og evt. reduksjonsventilen blir knust. Gassen vil då strøyme ut frå høgtrykket i kolben som da kan fare som ein prosjektil
- Opne aldri hovudkrana på ein gasskolbe som ikkje har reduksjonsventil tilkobla
- Syt for god sirkulasjon i rommet
- Ved brann eller tillaup til brann, må oksygenkolben stengjast straks og fjernas langt vekk frå brannstaden
- Olje må aldri brukas på oksygenutstyr, då olje saman med rein oksygen kan eksplodere på grunn av kjemiske reaksjonar
- Bruk skiftenøkkelen som er festa til kolba ved byting av kolbe
Person- og vareheis
Mål:
Sikre forsvarleg drift av heis
Gjennomføring:
- Rutinemessig sjekk av heisen:
- 1 gong i året av innleigd firma, som gjennomfører dette automatisk
- Syner til teknisk avdeling for perm med avtale og dokumentasjon for gjennomført rutinesjekk
- Tiltak ved heisstans:
- Kontakt teknisk avdeling
- Sjå nødinstruks ved og i heisen
- Nøkkel på kjøken
- Nødprosedyre for heis:
For å få folk ut av heisen ved straumbrot eller annan ukontrollert heisstopp, skal du gjere slik:
- Slå av hovudstraumbrytaren for heisen på tavla
- Trykk så på den raude knappen på aggregatet og hald denne inne til du høyrer heisen stoppar
- Ta med nødnøkkelen til heisdørene og gå til den etasjen der heisen står
- Stikk nøkkelen inn i holet ved toppen av dørkarmen og vri medan du skuvar døra tilsides med handmakt
- Hjelp folk ut av heisen
- NB! Heisen står no litt lågare enn golvet
- Heng nødnøkkelen attende på plass og slå på att hovudstraumbrytaren
Oppslag henger ved og i heisen.
Ventilasjonsanlegg
Mål:
Sikre forsvarleg og god ventilasjon på bygga.
Merknader:
Drift- og vedlikehaldsinstruks for ventilasjonsanlegg. Oppbevart i perm hos vaktmeister.
Permen inneheld:
- Generell orientering
- VVS- beskrivelse, klassifiseringssystem
- Serviceavtaler
- Registreringsrutiner
- Reservedeler
- Orientering