Det er store problem med å få fylt opp vaksinetimane, og vi veit ikkje om vi greier å få sett alle vaksinene vi får! Årsaka er at folk ikkje prioriterer å bestille seg vaksinetime. I tillegg opplever vi at folk ikkje møter opp til time som er bestilt eller melder avbod svært seint.
Alle innbyggjarar over 18 år har fått fleire direktemeldingar med oppmoding om å bestille seg vaksinetime. Det er likevel svært få som har prioritert å bestille seg time dei komande vekene.
Dette skapar svært mykje meirarbeid for dei som arbeider med vaksinering. Det må ringast mange ekstra telefonar for å få fylt opp vaksinetimane, og det er ein krevjande logistikk rundt vaksineringa. Det har vore mykje arbeid for å få sett dei vaksinene vi har fått til no, og no får vi endå fleire dosar dei neste par vekene.
Torsdag opplevde vi for aller første gong at ein med svært tungt hjerte måtte kaste eit heilt doseglass med vaksiner fordi personar ikkje møter opp til bestilt vaksinetime. Vaksiner som er laga klare til å settast kan ikkje sparast på, og går rett og slett i søpla om ein ikkje har nokon å sette vaksina på.
Om vi ikkje får fylt opp vaksinetimane våre kan vi framover måtte gje frå oss vaksinedosar til andre kommunar. Då tek det lengre tid før våre innbyggjarar er fullvaksinert. Det gjev større risiko for smitte når landet no opnar opp.
Hugs at ingen under 18 år er vaksinerte per i dag. Det er òg personar over 18 år som ikkje kan ta vaksine, eller som vaksina ikkje fungerer på. Vi vil at våre innbyggjarar skal halde seg friske, og ikkje utsette seg sjølv eller andre for unødig risiko. Raskast mogeleg vaksinering er viktig slik at vi får kome attende til ein mest mogeleg normal så raskt som råd.
Eg har difor ei innstendig oppfordring til dei av dykk som ikkje har teke vaksine endå:
Bestill deg time så raskt som råd! Svar på sms'en du har fått eller ring helsesenteret på 350 65 250 om du har spørsmål/ikkje har sms'en din.
Vi treng di hjelp! Eg håpar du vil snakke med familie, vennar og naboar om kor viktig det er at vi alle tek vaksina så raskt som råd, som vår vesle del av dugnaden for å kome til enden av denne pandemien.
Eg vil avslutningsvis nytte høvet til å takke kvar og ein av dykk som er tilsett i kommunen for innsatsen under pandemien! Det er gjort ein solid innsats i alle ledd av organisasjonen, og som ordførar er eg veldig stolt av jobben de legg ned kvar einaste dag for at vi skal levere gode tenester til innbyggjarane i kommunen!
Eg ynskjer alle ei riktig god helg vidare – og hugs vaksinetimen din!
Med vennleg helsing
Beate Marie Dahl Eide, ordførar i Seljord kommune