Beredskapsleiinga ynskjer derfor å minne oss om at vi må hugse på:

  • å halde avstand til kvarandre
  • vaske og sprite hendene jamleg
  • hoste og nyse i papir, sekundært i armkroken, deretter vakse hender
  • vere heime frå jobb dersom vi har sår hals eller influensasymptom
  • teste oss ved mistanke om smitte
  • laste ned smittesporingsappen frå FHI
  • halde oversikt over kven du har vore saman med dei siste dagane, så blir smittesporinga enklare
  • halde fram med puljeinndeling i lunsjen

Dersom du har høve til å jobbe heimanfrå er det lurt å sikre at du har med deg PC og naudsynt utstyr heim. Situasjonen kan endre seg raskt.

Det vil kome eigne retningsliner til alle innbyggarar for besøk i påska. Følg med på heimesida og i VTB.

Vi håpar at vi skal kome oss godt igjennom denne fasen også, og takkar alle tilsette for velvilje og tålmodigheit i ein lang og krevjande periode!
Det er litt tidleg å seie god påske, men eg gjer det likevel! 

Med vennleg helsing

Ingeborg Nenseter Jensen
Organisasjons- og personalsjef