Tilsette som har forkjølings- og influensasymptom skal halde seg heime frå jobb til dei er friske.
Her kjem viktig informasjon som de må gjere kjent for alle tilsette!
I desse tider må vi tenkje føre-var-prinsipp og setje i verk førebyggande tiltak. I samråd med kommuneoverlege, Kine Jordbakke, er det difor beslutta at tilsette som har forkjølings- og influensasymptom skal halde seg heime frå jobb til dei er friske.
Helsedirektoratet presiserer pr. 14.mars at folk som har luftvegsymtom skal halde seg heime t.o.m. ein dag etter at dei er friske.
Sjå meir informasjon frå Helsenorge
Dersom de har vore i kontakt med folk med påvist koronasmitte eller har opphalde seg i land som er definerte som særleg smittfarlege, skal dei halde seg heime lengre.
Sjå meir informasjon her https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/helsepersonell/hjemmekarantene-og-hjemmeisolering-i-forbindelse-med-covid-19/
Fylg elles med på: