Tiltaksplan for handtering av vald, mobbing, truslar, personalkonfliktar og trakassering av tilsette i Seljord kommune - sjå Planar og retningsliner
Vald, mobbing og truslar
Tryggleik i arbeidssituasjonen er viktig for trivnaden og er ein grunnleggjande føresetnad for at tilsette skal yte gode tenester. Å bli utsett for vald og truslar på arbeidsplassen er ikkje eit personleg eller privat problem. Arbeidet med å sikre dei tilsette mot vald, mobbing, truslar og trakassering inngår som del av HMS- arbeidet som arbeidsgjevar har ansvaret for. Dei tilsette har på si side plikt til å medverke og ta ansvar for å fylgje opp dei mål, tiltak og retningsliner som blir utarbeidde.