Som fylgje av den ekstraordinære situasjonen Noreg har kome i samband med koronavirussjukdom (Covid-19), nyttar arbeidsgjevar sin rett til å mellombels omdisponere tilsette til andre kommunale oppgåver med høgaste prioritet. Ein vil søke å nytte tilsettes formalkompetanse og arbeidserfaring på ein så effektiv måte som råd inn mot essensielle kommunale oppgåver i  ein beredskapssituasjon. Dette kan innebere at tilsette må jobbe etter ein annan arbeidsplan enn det vedkomande vanlegvis gjer. Tilsette blir avlønna itråd med ordinær arbeidsavtale og tillegg etter hovudtariffavtala.

Du kan lese heile vedtaket og meir oppdatert informasjon frå rådmannen i Teams - Tilsette Seljord kommune. Der finn du og ei hyggeleg helsing frå rådmannen vår før vi går ut i helga.