Roller og oppgåver
Viktig om verneombodets oppgåver:
Verneombodet skal ha ei aktiv rolle i verksemda sitt HMS-arbeid.
Verneombodet skal også bli teke med på råd under planlegging og gjennomføring av tiltak som er viktige for arbeidsmiljøet innafor ombodets verneområde,
t.d. etablering, utøving og vedlikehald av internkontrollsystemet i verksemda.
Viktig om hovudverneombodets oppgåver:
Hovudverneombudet skal sitje i arbeidsmiljøutvalget som ein av dei tilsette sine representantar.
Hovudverneombudet kan veljast blant eit av verneomboda eller ein annan person som har eller har hatt tillitsverv i verksemda.
Valet kan anten skje ved at verneomboda vel hovudverneombodet, eller ved at lokale fagorganisasjonar utpeiker hovudverneombodet etter bestemte reglar.
Viktig om arbeidsgjevars ansvar:
Det er arbeidsgjevaren som har ansvar for at arbeidsmiljøet er forsvarleg på alle måter og samsvarer med regelverket som er gitt i arbeidsmiljølova, med tilhøyrande forskrifter. Sjølv om det finst andre roller med oppgåver innafor arbeidet med HMS, står dette fast.
Det er arbeidsgjevar /avdelingsleiar som har ansvar for å leggje til rette for at arbeidet HMS blir prioritert, og at dei andre partane i HMS-arbeidet, t.d. verneombod, kan gjere jobben sin. Ulike oppgåver tilknytta HMS-arbeidet kan bli delegert til andre, men arbeidsmiljøet forblir arbeidsgjevars ansvar.
Verneområde og verneteneste pr. 1.6.2022
Verneområde | Verneombod |
---|---|
Hovudverneombod | Sigbjørn Tvitekkja Attvald 2018 |
Vara Hovudverneombod | Ragnhild Skrede Attvald 2017 |
Kommunehus, bibliotek, kulturskule, Avd. for integrering og vaksenopplæring |
Knut Olav Heddejord Attvald |
Teknisk: Utearb., vaktmeistrar, Br.vesen, vassverk, renseanlegg, symjehall |
Knut Olav Heddejord Ny okt. 19 |
Helseavdelinga | Ragnhild Skrede Attvald 2018 |
Open omsorg | Ida Standeren Heggtveit Ny des.19 |
Teneste for funksjonshemma | Eva Berge Attvald 2020 Frå 1.6.22: Rita Gåsodden |
Institusjon | Line D. Haugholmen Attvald 2018 |
Seljord barnehage | Anne Marie Dahle Attvald h. 2019 |
Seljord barne- og ungdomsskule | Marte Storsveen Kustås Ny august 2021 |
Flatdal oppvekstsenter | Ane Flatland Ny h. 2020 |