Roller og oppgåver

Viktig om verneombodets oppgåver:

Verneombodet skal ha ei aktiv rolle i verksemda sitt HMS-arbeid.
Verneombodet skal også bli teke med på råd under planlegging og gjennomføring av tiltak som er viktige  for arbeidsmiljøet innafor ombodets verneområde,
t.d. etablering, utøving og vedlikehald av internkontrollsystemet i verksemda.

Viktig om hovudverneombodets oppgåver:

Hovudverneombudet skal sitje i arbeidsmiljøutvalget som ein av dei tilsette sine representantar.
Hovudverneombudet kan veljast blant eit av verneomboda eller ein annan person som har eller har hatt tillitsverv i verksemda.
Valet kan anten skje ved at verneomboda vel hovudverneombodet, eller ved at lokale fagorganisasjonar utpeiker hovudverneombodet etter bestemte reglar.

Viktig om arbeidsgjevars ansvar:

Det er arbeidsgjevaren som har ansvar for at arbeidsmiljøet er forsvarleg på alle måter og samsvarer med regelverket som er gitt i arbeidsmiljølova, med tilhøyrande forskrifter. Sjølv om det finst andre roller med oppgåver innafor arbeidet med HMS, står dette fast.
Det er arbeidsgjevar /avdelingsleiar som har ansvar for å leggje til rette for at arbeidet HMS blir prioritert, og at dei andre partane i HMS-arbeidet, t.d. verneombod, kan gjere jobben sin. Ulike oppgåver tilknytta HMS-arbeidet kan bli delegert til andre, men arbeidsmiljøet forblir arbeidsgjevars ansvar.

Verneområde og verneteneste pr. november 2019

Verneområde Verneombod
Hovudverneombod Sigbjørn Tvitekkja
Attvald 2018
Vara Hovudverneombod Ragnhild Skrede
Attvald 2017
Kommunehus, bibliotek, kulturskule, 
Avd. for integrering og vaksenopplæring
Knut Olav Heddejord
Attvald 
Teknisk: Utearb., vaktmeistrar, Br.vesen, vassverk,
renseanlegg, symjehall
Knut Olav Heddejord
Ny okt. 19
Helseavdelinga Ragnhild Skrede
Attvald 2018
Open omsorg Asbjørn Klingan
Attvald 2019
Blir eit nyval nov.19
Teneste for funksjonshemma Eva Berge
Attvald 2018
Institusjon Line D. Haugholmen
Attvald 2018
Seljord barnehage Anne Marie Dahle
Attvald h. 2019
Seljord barne- og ungdomsskule Vegard Snaunes
Ny okt.19.
Flatdal oppvekstsenter Bente V. Angre.
Attvald h. 2019
Nav Seljord Tore Dag Lid.
Attvald 2018

 

Retningsliner, planar og prosedyrar

Retningsliner for vernetenesta. Vedteke i AMU 14.12.12