Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Seljord Kommune Intranett

Viltkjøt selgast

Bilete av forskjellig viltkjøt

Vi har ei ny ordning som vi må prøve oss litt fram på, vi testar det bland tilsette i kommunen for å sjå korleis det praktiske rundt ordninga fungerer før vi evnt legg det ut for alle.

Kommunen kjem nokon gong ut for situasjonar der vi må avlive vilt av ulike orsakar, f.eksempel påkøyrslar. Slike gonger leverar vi dette viltet til eit godkjent viltbehandlingsanlegg der kjøtet kontrollerast av mattilsynet. Det som blir godkjent seljast. Vi veit ikkje når vi har slik kjøt til sals og kor ofte det blir aktuelt, men om du er interessera, så set vi deg opp på ei liste og tek kontakt når det er aktuelt. Kjøtet må da hentast umiddelbart når det er klart. Kan du ikkje hente det då, ringer vi neste på lista.

Kjøtet (hovudsakleg hjort og elg) seljast som heile eller halve dyr, ferdig delt og vakuumpakka til 125,-/kg (slaktevekt).

Ta kontakt med Seljord Kommune v/Konsulent for vilt, Merète Trangsrud på tlf 350 65 101 eller merete.trangsrud@seljord.kommune.no for å stå på liste for kjøp av viltkjøt.